BRØVØLLSFESTIVALEN 2017

FYTTI KATTA!!
Dokke er heilt rå! TUSEN TAKK for at dokke alle var med på å gjere 10 års jubileet til Brøvøllsfestivalen so fantastisk! Det har vore ei fantastisk helg med vanvittig mykje moro! Så vi tenkte no å oppsummere litt:

For oss i Brøvøllsstyret og dei frivillige startar veka med blant anna rigging av telt, hente opp alt utstyr, lage hesj, lage til bar og pynte området! Og ein del meir enn det. Det krevst mykje hjelp av mange personar og med god laginnsats, positiv innstilling og engasjement klarer ein det. DET GJORDE VI. Så vi må seie TUSEN TAKK til alle dei fantastiske frivillige som har hjelpe til å lage ei fantastisk 10 års markering av Brøvøllsfestivalen.

Vi var engstelige på om veret kom til å bra til helga. Vi skjønar jo godt at det ikkje er so kjekt å vereute i pisseregn. Vår bønn om solfylt festival blei ikkje høyrd, men vi på Sunnmøre er jo regntette så teltet fylte seg raskt opp fredag med heile 600 besøkande! Det er definitivt rekord. Før dette hadde allereie Sputnik og kona Viviann heldt konsert på BUAS for fullstappa sal. Der blei det både sving, allsang og stormande jubel!

Showet fredag starta med at alle tidlegare styremedlem frå Brøvøllsfestivalen som var til stades blei hylla og takka for all arbeid for å få festivalen dit han er i dag. Så fekk leggane til Fredrik gjennomgå med voksing, før Sputnik kom på scena og skapte fantastisk stemning og allsang.

Nest ut var då ein ”lokal” komikar frå Ålesund, Terje Sporsem og gjengen frå vestlandet; Ole Soo, Tomas Nesse og ikkje minst sjølvaste Stian Blipp. Det vart mykje jentehyl denne kvelden. For å avslutte heile stand-up showet kom Sputnik og kona Viviann tilbake på scena, og igjen blei det fantastisk stemning og allsang, som bandet Cinnamon City løfta til eit enda høgare nivå utover kvelden!

Laurdagsmorgon vart det endeleg betre ver og mange små og store gjorde seg klar til familiedag. Der kunne ein både vere med på hesteriding, orienteringsløp, kjøre gravmaskin og sjå lama og andre dyr. Etterkvart blei det magikershow og buktaling frå Erik Mogeno frå Norske Talenter. Det var eit utruleg bra show for både borna og dei vaksne. Vi har ikkje eksakt tal på kor mange som var innom familiedagen, men vi reknar rundt 800-1000 personar. Ein kan sei at det var ein vellykka dag ?

Laurdagskvelden kom og heile 960 personar gjekk gjennom grindene!! Jon Niklas Rønning og musikar Ole Morten Aagenæs gjorde comeback på scena etter 7 år og opna showet på fantastisk vis med sang og musikk. Etterfulgt av dette kom Hans Morten Hansen og Cecilie Steinmann Neess på scena og skapte latter gjennom heile teltet. Hans Morten Hansen synes det var ein så flott festival at han ville ha med seg ikkje berre ein, men fleire suvenirar tilbake til Oslo.
Etter showet var det ikkje stille lenge, då ein byrja å sjå frysar, steikeomn og fleire kvitevarer komme på scena. Det måtte bety at Sykkylven sitt eige kvitevareband, Jippi Tornado var på veg. At det blei stemning når dei kom på scena, kan du vel berre tenke deg! Etterfølgt av dei spelte Broad Line opp til dans og stemninga fortsette å stige.

Ei flott 10 års markering kan en vel seie at det blei. Sjølv om det er mykje hardt arbeid gjennom heile året, og ikkje minstveka før festivalen, er det verdt det når ein kan telle 600 besøkande fredag og 960 besøkande laurdag i tillegg til 800-1000 besøkande på familiedagen laurdag.
Det har vore rundt 220 frivillige frå alderen 10-75 år som har hjelpe til gjennom festivalveka og helga. Mange av desse har stått på fleire dagar. Vi er evig takknemlig for å få så flott hjelp til å arrangere Brøvøllsfestivalen og at so mange tok turen ?

TUSEN TAKK!

Helsing Birte, Anne Line, Anette, Bjørnar, Solveig, Kristin, Bente og Espen
– Brøvøllsstyret –