INFO

STAD // 

Skjermbilde 2014-04-13 kl. 2.19.32 PM

Brøvøllsfestivalen sitt festivalområde ligg midt i fagre Velledalen, i Sykkylven kommune på Sunnmøre. Sykkylven omtalast som venleg, vill og vakker, og vi vil påstå at Brøvøllsfestivalen kan gå inn under same karakteristikken.

Festivalen finn stad ved Velledalen Grendahus/ Velledalen Montessorriskule. På lokal tunge: Frammai husa, nedai vegen, heimai Brunstadskulen og ovai elva.

Sjå på kart her:  Velledalen Grendahus, Vallavegen 249, 6220 Straumgjerde

Sjå eventuelt www.velledalen.net for meir informasjon.

_____________________________________________________

OPNINGSSHOW // 

Skjermbilde 2014-04-13 kl. 2.27.30 PM

Brøvøllsfestivalen er kjent for sine spektakulære opningsshow. Eitt år vart festivalen sprengt i gong med dynamitt. Vel og merke med erfarne sprengarar og langt unna folket. Eitt år opna Johnny Knoxville festivalen med helsing frå statane, og ordførar Petter Lyshol har ikledd seg hawaiiskjorte og saga festivalen i gong med motorsag. For ikkje å snakke om når Bastian Skogvold kledde seg i Borat-mankini, eller når Per Svein Tandstad med øks kløyvde festivalen i gong iført bunad med påfølgande gymshow og fløytesolo.

_____________________________________________________

FAMILIEDAG//

På laurdag har vi ein familiedag som er open for absolutt alle. Det er sjølvsagt gratis å kome inn, og vi stiller med rå underhaldning. Vi byr også på mengder av morosame aktivitetar. Alt frå hesteskokast til natursti til lassokonkurranse. Og sjølvsagt vert det servert mat og drikke av beste sort.

Trykk her for meir informasjon om familiedagen.

_____________________________________________________

BILLETTAR //

Billettar vert etterkvart å få kjøpt på Nærbutikken Velledalen, Bankplassen Frukt og Tobak i Sykkylven sentrum, Esso Stranda og på www.billettservice.no. Vi sel festivalpass som gjeld både fredag og laurdag og dagspass som gjeld éin av dagane.

_____________________________________________________
BONGAR //

Kjøp av all drikke og alle matvarer skjer med bongar inne på festivalområdet. Bongane får du kjøpt på fleire godt merka stadar på området og i ulik «valuta». Bongar leverast vidare i bytte mot det du måtte ønske deg (nesten da). Bongbodene tek både bankkort og cash.
_____________________________________________________
NATTBUSS //
Det vert sett opp nattbuss frå festivalområdet kvar kveld som går til Aursneset via Ikornnes.
_____________________________________________________

FESTIVALKONTOR //

Festivalkontor befinn seg i hjørnerommet på Velledalen Grendahus. Presseakredditering/ ønskje om å hjelpe til o.a kan hentast her. Det einaste er at festivalkontoret sikkert meget sjeldan er bemanna, då alle flyg rundt og gjer andre ting.

_____________________________________________________

OM FESTIVALEN – SLIK STARTA DET FOR 10 ÅR SIDAN //

forstescenaKvifor heiter det Brøvøllsfestivalen spør mange. Det er fordi det midt i Velledalen ligg eit stykke som heiter Brøvøll, der ein gjeng ungdommar ein keisam sommardag i 2007 tenkte at det hadde vore moro å laga ein liten hagefest for å skape litt liv i bygda, då det ikkje var flust av andre sommarhøydarar innimellom tjukkskodda og regnveret. Og det var slik det starta :

Det hende i dei dagar då det kom bod frå ein sjølvutnemnd Keisar om at heile bygda måtte kome i hop til ein gledens aften. Det var hagefest på Brøvøll, og hit kom både hyrdar og gjetarar, og meir eller mindre vise menn og kvinner frå alle bygdas krinsar og krokar

Mangel på husrom var det ikkje i dalen, men likevel føregjekk det heile i ein meir eller mindre heimesnikra ”stall”. Eit tak av mosegrøn presenning, ei scene av halvrotne europallar, og hallande benkar og bord. Dessutan trengde ein ikkje gå langt for å finne verken kyr, sauer eller høy. Året var 2007, og Brøvøllsfestivalen var fødd. I ei krybbe fylt til randen av kønnjøl og heimebrygga Calimocho, midt i tjukkaste Velledalen.

På grunn av dei lyse sumarane på Sunnmøre var det ingen stjerner som kunne lyse veg til dei langvegsfarande, så her måtte det aktiv skilting til, i tillegg til nokre solide varselskot frå ein appelsinkanon om at det var her det føregjekk. No fann folket fram, og med smellet frå appelsinkanonen framleis ruvandes som eit endelaust ekko imellom nausta på  Brunstad og Brøvøll var fødselen av Brøvøllsfestialen kunngjort ein gong for alle.

Underhaldninga var det ingenting å setje fingaren på på tidenes første festival. The Møldingses sin aller første, og strengt tatt også siste, offisielle opptreden stod på plakaten. Boomblasteren pumpa Cash- låtar på full guffe og høgste frekvens heile kvelden, men vart likevel overdøyvd av dei høglytte komikarane der dei stod og svaia på scenekanten med sine improvisasjonar. Stand- up- show kallar dei det visst. Det heile vart ein kveld som seint vil gløymast, og det var klart vi måtte gjenta denne suksessen. Snarast.

Og det gjorde vi. Keisaren vart omgjort til General. Presenningane vart forlenga og forsterka, og bord- og benktalet tidobla. Hagen på Brøvøll måtte også oppgraderast i likheit med resten, så no skulle Dalemyra grusbane få køyrd seg. Tidenes andre, men likevel første offisielle Brøvøllsfestival skulle gå av stabelen, berre ein knapp månad etter brakopninga.

Scena var framleis av Europallar, men i mykje større format. No var det nemleg plass til både DJ og meir enn ein komikar i gongen. Her hadde fagfolket lært frå sist festival, då stand- up- folket ein etter ein vippa ned frå scena og hovudstups inn i sypressen i hagen på Brøvøll. Opa scene, sal av pølser og brus, slakk- line gåing, god stemning og tidenes største dansegolv gjorde nok dette også til ein kveld som ikkje skulle vere lett å gløyme. Eller var det motsett?

Sidan denne gong har det berre balla på seg, med større og større scene og «større» artistar år for år.

Vi har hatt alt frå dynamittopningar til motorsagopningar. Johnny Knoxville har helsa til alle oppmøtte på Brøvøllsfestivalen. Sigrid Bonde Tusvik, Bye og Rønning, Johan Golden, Nils Ingar Aadne og mange mange fleire har stått på scena her. Godt over eit tonn KUbab har blitt seld. Og godt over 2500 besøkande har Brøvøllsfestivalen hatt kvar helg dei siste åra. Hagen på Brøvøll blei fort for liten. Kven veit – ein gong blir kanskje festivalområdet ved Grendahuset for lite, så kanskje må ein tilbake på attelegane på Brøvøll og arrangere festival i framtida?

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *