FAMILIEDAG

FAMILIEDAG
♥VELLEDALEN♥
PlayPause
Slider

 

Familiedagen startar kl 11.00 laurdag 30. juni og varer til kl 15.00

På laurdag har vi familiedag som er open for absolutt alle. Også dei i barnevogn og dei med rullator. Og dei som snaart blir 18, men må vente nokre månader til. Alle altså.

I fjor hadde vi besøk av Erik Mogeno som kom til finalen i Norske Talenter 2010! Saman med dukka Kalle var Erik på festivalen vår med familieshowet sitt som inneheld både buktaling, humor og magi! Eit show både borna og dei vaksne likte kjempegodt!

Av andre ting byr vi på ulike dyr, som hest, lama, sau og høns. Vi har også gleda av å ha ekte gravmaskiner frå Hole Maskiner, som både små og store kan prøve på familiedagen!

Vi byr også på mengder av andre morosame  aktivitetar for små og store. Alt frå hesteskokast og  natursti, til lassokonkurranse, og sjølvsagt alt i mellom. Og natrurlegvis vert det servert mat og drikke av aller beste sort!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *