AKTIVITETSDAG

FAMILIEDAG

27. JUNI 2020

♥VELLEDALEN♥
PlayPause
Slider

 

Familiedagen startar kl 11.00 laurdag 27. juni og varer til kl 15.00

På laurdag har vi gratis aktivitetsdag som er open for absolutt alle. Også dei i barnevogn og dei med rullator. Og dei som snaart blir 18, men må vente nokre månader til. Alle altså.

I fjor var det tryllekunstnar Alexander Haugaas som stod på scena. Tidelgare har mellom anna Brillebjørn frå NRK Super, Elsa, Anna og Olaf frå Frost og fysiker Andreas Wahl vore innom. Vi prøvar å få til eit show som passar for alle, både born og vaksne!

Av andre ting byr vi på ulike dyr, som hest, lama, sau og høns. Vi har også gleda av å ha ekte gravmaskiner frå Hole Maskiner, som både små og store kan prøve på familiedagen!

Vi byr også på mengder av andre morosame  aktivitetar for små og store. Alt frå hesteskokast og  natursti, til lassokonkurranse, og sjølvsagt alt i mellom. Og natrurlegvis vert det servert mat og drikke av aller beste sort!

Det vert i tillegg mogleg å kjøpe diverse matvarer frå lokale leverandørar 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *