Slik starta det

Kvifor heiter det Brøvøllsfestivalen spør mange. Det er fordi det midt i Velledalen ligg eit stykke som heiter Brøvøll, der ein gjeng ungdommar ein keisam sommardag i 2007 tenkte at det hadde vore moro å laga ein liten hagefest for å skape litt liv i bygda, då det ikkje var flust av andre sommarhøydarar innimellom tjukkskodda og regnveret. Og det var slik det starta:

 

Det hende i dei dagar då det kom bod frå ein sjølvutnemnd Keisar om at heile bygda måtte kome i hop til ein gledens aften. Det var hagefest på Brøvøll, og hit kom både hyrdar og gjetarar, og meir eller mindre vise menn og kvinner frå alle bygdas krinsar og krokar.

forstescenaMangel på husrom var det ikkje i dalen, men likevel føregjekk det heile i ein meir eller mindre heimesnikra ”stall”. Eit tak av mosegrøn presenning, ei scene av halvrotne europallar, og hallande benkar og bord. Dessutan trengde ein ikkje gå langt for å finne verken kyr, sauer eller høy. Året var 2007, og Brøvøllsfestivalen var fødd. I ei krybbe fylt til randen av kønnjøl og heimebrygga Calimocho, midt i tjukkaste Velledalen.

På grunn av dei lyse sumarane på Sunnmøre var det ingen stjerner som kunne lyse veg til dei langvegsfarande, så her måtte det aktiv skilting til, i tillegg til nokre solide varselskot frå ein appelsinkanon om at det var her det føregjekk. No fann folket fram, og med smellet frå appelsinkanonen framleis ruvandes som eit endelaust ekko imellom nausta på Brunstad og Brøvøll var fødselen av Brøvøllsfestialen kunngjort ein gong for alle.

Underhaldninga var det ingenting å setje fingaren på på tidenes første festival. The Møldingses sin aller første, og strengt tatt også siste, offisielle opptreden stod på plakaten. Boomblasteren pumpa Cash- låtar på full guffe og høgste frekvens heile kvelden, men vart likevel overdøyvd av dei høglytte komikarane der dei stod og svaia på scenekanten med sine improvisasjonar. Stand- up- show kallar dei det visst. Det heile vart ein kveld som seint vil gløymast, og det var klart vi måtte gjenta denne suksessen. Snarast.

Og det gjorde vi. Keisaren vart omgjort til General. Presenningane vart forlenga og forsterka, og bord- og benktalet tidobla. Hagen på Brøvøll måtte også oppgraderast i likheit med resten, så no skulle Dalemyra grusbane få køyrd seg. Tidenes andre, men likevel første offisielle Brøvøllsfestival skulle gå av stabelen, berre ein knapp månad etter brakopninga.

Scena var framleis av Europallar, men i mykje større format. No var det nemleg plass til både DJ og meir enn éin komikar i gongen. Her hadde fagfolket lært frå sist festival, då stand-up-folket ein etter ein vippa ned frå scena og hovudstups inn i sypressen i hagen på Brøvøll. Opa scene, sal av pølser og brus, slakk- line gåing, god stemning og tidenes største dansegolv gjorde nok dette også til ein kveld som ikkje skulle vere lett å gløyme. Eller var det motsett?

Sidan denne gong har det berre balla på seg, med større og større scene og «større» artistar år for år.

Vi har hatt alt frå dynamittopningar til motorsagopningar. Johnny Knoxville har helsa til alle oppmøtte på Brøvøllsfestivalen. Sigrid Bonde Tusvik, Bye og Rønning, Johan Golden, Nils Ingar Aadne, Stian Blipp og mange mange fleire har stått på scena her. Godt over eit tonn KUbab har blitt seld. Og godt over 2500 besøkande har Brøvøllsfestivalen hatt kvar helg dei siste åra. Hagen på Brøvøll blei fort for liten. Kven veit – ein gong blir kanskje festivalområdet ved Grendahuset for lite, så kanskje må ein tilbake på attelegane på Brøvøll og arrangere festival i framtida.

Foto: Herman Lersveen