Else❤

Else Kåss Furuseth kjem til Brøvøllsfestivalen! Dette er ei opptatt dame som vi har ynskja å få tak i lenge, og endeleg lukkast det 💙

Else er standupkomiker, skodespelar og programleiar, og er kjend frå program som Torsdag kveld frå Nydalen, Else, Det er lov å være blid, Mandagsklubben, Else: Om selvmord og Else: Om barn.

Ho har også bemerka seg med dei to eigenskrivne og prisvinnande teaterstykka «Kondolerer» og «Gratulerer», som er basert på Else si eiga historie om å miste mor og bror i sjølvmord, og korleis det er å leve vidare.

Ho har opp gjennom åra blitt nominert til ei rekkje prisar, og har blitt tildelt blant anna Wenche Foss’ ærepris, Åpenheitsprisen, og Gullruten for beste programleder med Else: Om selvmord.

29. februar har ho premiere på talkshowet «Kåss til kvelds» saman med Markus Neby. Vi gledar oss til å følgje med på ho framover, og ikkje minst til ho kjem på besøk til Velledalen 27. juni 🤩

Foto: Per Heimly

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *