Brøvøllsfestivalen

11.00-15.00 laurdag 25.juni

 

 

På laurdag har vi gratis aktivitetsdag som er open for absolutt alle. Også dei i barnevogn og dei med rullator. Og dei som snaaart blir 18, men må vente nokre månader til med å kome inn på kveldstid. Alle altså.

I 2019 var det tryllekunstnar Alexander Haugaas som stod på scena. Tidlegare har mellom anna Brillebjørn frå NRK Super, Elsa, Anna og Olaf frå Frost og fysiker Andreas Wahl vore innom. Vi prøvar å få til eit show som passar for alle, både born og vaksne!

Av andre ting byr vi på ulike dyr, som hest, lama, sau og høns. Vi har også gleda av å ha ei ekte gravmaskin frå Hole Maskiner, som både små og store kan prøve!

Vi byr også på mengder av andre morosame aktivitetar for små og store.

Alt frå hesteskokast og natursti, til lassokonkurranse, og sjølvsagt alt i mellom. Og naturlegvis vert det servert mat og drikke av aller beste sort!