Aktivitetsdag

Laurdag er det alltid gratis aktivitetsdag på området vårt! Frå 11-15 kan absolutt alle kome for å få ekte brøvølls-stemning🥰

Vi kan tilby mange kjekke aktivitetar, god mat og eit forrykande sceneshow! Dei siste åra har vi mellom anna hatt VitenShitShow, Viggo Venn og Hagle💥Kven blir det i 2026?

Av andre ting byr vi på ulike dyr, som lama og kanskje slangar? Vi har også gleda av å ha to ekte gravmaskiner frå Hole Anlegg, som både små og store kan prøve på familiedagen!

Vi byr også på mengder av andre morosame aktivitetar for alle aldrar!
Naturlegvis vert det servert mat og drikke av aller beste sort!

Vi håper dokke tek turen!

Hugs at du kan betale med vipps på området, og vi blir veldig glad for eit lite ekstra bidrag viss du kan😊

vipps #21201 (Brøvøllsfestivalen)

Vi har gode parkeringsmoglegheiter på området, både på grusbana og grasbana! Vi tek 50kr i parkering💸