Dansemusikk🕺🏼

Coverbandet Superband skal ta oss dansande inn i dei seine nattetimar fredag 24. juni💃🏼
Superband er eit av Norges mest underhaldande party- og coverband. Dei er eit 6-mannsband som består av profesjonelle musikera med over tusen spelejobba bak seg, med vokalistane Ingunn Dallang og Svein Håkon Henriksen i front.
Superband he underhaldt fleire store arrangement i Norge gjennom 15 år, og enkelte av musikarane i bandet he blant anna spelt med artistar som Rihanna, Paperboys, Karpe Diem og CC Cowboys.
Superband lova et variert og oppdatert repertoar, med sanga som he fått folk til å danse i alle tide. Vi gler oss til teltet fyllast med danseløve fredagskvelden🕺🏻
Laurdagskvelden er det Waterproof som spela opp til dans💃🏼
Waterproof er ei musikalsk energibombe av dei sjeldne. Deira mål for enkvar kveld er livleg dans i forskjellige stilarta, og meir eller mindre velkingande allsong frå publikum.
Waterproof er ein kvartett. Med i bandet er blant andre Jørn Kvalheim som kom på andreplass i Idol i 2014, og som fekk ei stor tilhengerskare for sin innlevelse og imponerande stemmeprakt. Ilag med resten av bandet skapa dei minneverdige augeblikk frå scena.
Waterproof er rett og slett god underhaldning, og ilag med dansande og syngande publikum, blir ditta ei perfekt avslutning på årets festival!💥