Nils-Ingar Aadne🌺

Viss du kjøpte russeavisa så har du nok fått det med deg allereie! Men sistemann på scena i år er sjølvaste Nils-Ingar Aadne🕺🏼

Han starta med standup i 2003, og har vore med på det meste! Han har vore konferansier og programleiar, haldt foredrag, vore sidekick i Senkveld med Thomas og Harald, vore med i «Komiker i Arbeid», «Underhuset», gjest i «Nytt på Nytt», «Brille», «Klippkompaniet», «Lindmo» og mykje meir!

Når han stend på scena skildra han observasjonar frå dagleglivet og situasjonar som dei aller fleste kan kjenne seg att i. Han gjer det med eit personleg blikk, og byr på seg sjølv og sitt eige liv. I tillegg er han glad i samfunnssatire over det dagsaktuelle nyheitsbildet.

Vi ynskjer Nils-Ingar velkomen tilbake på brøvøllsscena, og gler oss til å sjå han saman med Terje, Sandra og Magan🥰