FREDAG: OPNINGSSHOW

År etter år har opningsshowa på Brøvøllsfestivalen vorte betre og betre og meir og meir spektakulære. Vi har både fått sprengt festivalen i gong med dynamitt, har fått Johnny Knoxville til å opne festivalen, Stine Hole Ulla og Nils Ingar Aadne til å synge han i gong, og ordførar Petter Lyshol til å sage han i gong. Iført Hawaiiskjorte. Med motorsdag. Og gamle gymnast Per Svein Tandstad til å hogge den i gong. Iført bunad. Med øks.

Og korleis blir han opna i år lurer du vel på? Det er berre ein måte å finne ut det på! Ta turen fredag og møt opp i god tid! Grindene opnar kl 19.00, og showet startar ca kl 20.00!

Skjermbilde 2014-04-13 kl. 2.27.30 PM

Johnny Knoxville prøvar å uttale Brøvøllsfestivalen.

djjan

DJ Jan i full vigør.

petter

Ordførar Petter Lyshol sagar festivalen i gong.