MAT OG DRIKKE

Vi har mykje god både lokal mat og drikke og noko frå utanfor kommunegrensene også.

KUbaben vår er og blir ein vinnar, og er laga av storfekjøt frå Sunnmøre. Betre kjøt i kebab / kubab skal du leite meget lenge etter trur vi. Ringdal er med å lage KUbab og vi gledar oss gong på gong til å ete både ein, to, fire og fem KUbabar iløpet av festivalhelga!

Elles har vi også vårt eige Fantevatn produsert av Trollbryggeriet, og vår «eigen» Kuva og Prosekku. Bobler der altså. Men dette har vi vel ikkje lov til å skryte av.

På familiedagen sel vi brus, sveler, kaffi og kanskje tilogmed pølser og kaker dersom vi får nok folk til å hjelpe oss! Ein skal i alle fall ikkje svelte, verken på familiedagen eller på kveldstid!

Prisar mat: 80 kroner (Betaling med bongar kjøpt på området)

Brus/snacks/småmat : 30 kroner (Betaling med bongar kjøpt på området)

kubabskubabsunnmors