Brøvøllsfestivalen

Rusken Ryddeaksjon 2021♻

Brøvøllsfestivalen vil i år som i fjor arrangere ryddeaksjon i dalen i samband med Sykkylven Energi sin ”Rusken Ryddeaksjon”♻

Oppmøte måndag 10.mai kl. 18.00😊

Vi har delt inn dalen i desse ulike områda:

  1. Område: Fet (til elva), samt langs Fetvatnet🏖
    Møtestad: Ved postkassestativa på Fet
    Ansvarleg: Robin Brunstad
  2. Område: Dravlaus (frå elva på Fet – Helge Oskarson)🚜
    Møtestad: Garasja ovanfor Ole Johnny
    Ansvarleg: Hannah Velle
  3. Område: Gamle byggefeltet (Asle Skoglund – butikken, samt vegen til Pe-krysset) ✝
    Møtestad: Nedste postkassestativet i byggefeltet
    Ansvarleg: Martha Bakken
  4. Område: Brunstad (butikken – Nakkeberget) 🛒
    Møtestad: Postkassestativet i krysset til Brunstadsætra
    Ansvarleg: Tonje Torkildsen
  5. Område: Hole (Nakkeberget – Hole)💐
    Møtestad: Postkassestativet utanfor Bjørg
    Ansvarleg: Bengt Alnes
  6. Område: Karihammeren (grushøla skogsvegen til Drabløs – Hole Maskin)🦺
    Møtestad: Hole Maskin
    Ansvarleg: Hanne Ulset
  7. Område: Hjorthol (Hole Maskin – Pe-krysset)🌲
    Møtestad: Hole Maskin
    Ansvarleg: Martin Tandstad
  8. Område: Brøvøll (Pe-krysset – Brua)🎉
    Møtestad: Busslomma over Brua
    Ansvarleg: Anne Line Høidal
  9. Område: La (Brua – Kjettingplassen)⛓
    Møtestad: Busslomma over Brua
    Ansvarleg: Anne Line Høidal
  10. Område: Øggern (Kjettingplassen – Drotninghaug)🏔
    Møtestad: Kjettingplassen
    Ansvarleg: Espen Lade

Området Helge Oskarson – Asle Skoglund, samt Tregardane blir dekt av barneskulen. Så dei som tilhøyrer denne strekka kan gjerne møte opp ved Hole Maskin for å ta langs vegen då dette er ei lang strekke.

Har du ikkje anledning til å vere med å rydde på mandag, så ta deg gjerne ei runde når du har anledning, og sett søppelet vedsidan av dunken, så hentar bossbilen det ved henting tirsdag 27. april eller 11.mai 🚛 Alt avfall skal leggast i sekkar.

Vi stiller med eingangshanskar og bossekkar på kvar møtestad.

Vel møtt!🌺

Legg inn en kommentar