Takk for i år!
Brøvøllsfestivalen 2022 er historie, og FOR ei helg vi har hatt!! Med publikumsrekord, varme temperaturar, sol og glade festivaldeltakera 🫶🏻
Fredag var 1050 gjesta innom grindene. Festivalen vart åpna av André Brudevoll som sabla festivalen igang. Side Brok og Sirkel Sag leverte eit fantastisk show, etter 2,5 år konsertpause. Superband avslutta kvelden med kjente slagera.
Laurdag på dagtid hadde vi vel 1000 stykker innom aktivitetsdagen. Området bogna i ulike aktiviteta, og dei besøkande fekk prøve gravemaskinkøyring, gullgraving, hesteridning, klapping av ulike dyr, gravemaskinsimulator, diskgolf og mykje meir. Vi hadde besøk av ansiktsmaler og fletter, og Mandarinsaft underholdte med fin sang på scena.
Laurdag kveld var det heile 1250 gjesta, som er rekord mot 1100 i 2019(!). Else Kåss Furuseth, Markus Neby, Ahmed Mamow, Hallvard Dyrnes og Christoffer Schjelderup leverte standupshow av ypperste klasse. Coverbandet Waterproof avslutta kvelden med fullt dansegolv, det blei til og me satt igang jenka i teltet 💃🏼
Vi i styret ønskar å takke so mykje til alle som har gjort denne festivalhelga magisk! Takk til alle besøkande, sponsora og frivillige! Dette greidde vi ilag ❤️🔥
Vi gler oss allereie til neste år.
Foto: Fotograf Stefine Marie Skare