Update frå styret🥱

God kveld i stuggu! Her kjem ei lita uppdatering frå nye og gamle styremedlemma😊

Vi er godt i gang med planlegginga av årets festival, og vi kan gladelig meddele at vi he fått inn nokre nye ungfolar i styret. Først og fremst vil vi takke Silje Marie Tafjord for god innsats i styret! Vi ser at arbeidsoppgåvene stadig blir større og meir omfattande, og er veldig takknemlege for å ha eit styre i vekst.
Inn i varmen vil vi ønske Martin Tandstad, Hannah Velle og Una Ogilvie Meldrum velkomne, også er vi veldig glade for at Robin Urke Brunstad har returnert frå varmare strøk og ynskjer å vere med oss vidare.

I fjor gjorde vi diverse endringar; vi hadde en ekstra bar på området, vi innførte konsert fredagen, og vi tok i bruk tikkio som billett og bongsystem i tillegg til dei gode, gamle papirbongane. Vi er nøgde med dei nye innføringane, og vil fortsatt prøve å gjer dei meir optimale og brukervennlige. Om dokke har  innspel set oss pris på både ris og ros!

Snart blir billettane lagt ut på tikkio, og første artist blir sleppt om berre eit par veke! Kven trur dokke dukka opp på scena i år??

❤️

Hanna Olin, Yvonne, Martine, Ingvild, Tonje, Espen, Anna, Anette, Robin, Martin, Hannah, Una og Anne Line