Grasrotandelen ?☘
Brøvøllskyra er glad i gras ☘, og derfor treng oss endå fleire som vil vere grasrotgjevarar! I følgje Sykkylvsbladet er det framleis 800 000 av dei 2 000 000 som tippar som ikkje gir 7% av speleinnsatsen sin direkte til eit lag eller ei foreining. Det kostar ingenting ekstra, og verken innsatsen, premien eller vinnarsjansane dine påverkast.
For å velje grasrotmottakar kan du anten gå inn på Norsk Tipping si heimeside ved å trykkje på lenka under, eller spør om hjelp hos din nærmaste kommisjonær
https://www.norsk-tipping.no/grasrotandelen#search=913625382