Samarbeid om utescene på festivalområdet

Brøvøllsfestivalen og Velledalen grendahus har saman starta «Prosjekt Velledalen Utescene». Vi er godt i gang med å planlegge ei utescene på området ved grendahuset, og Eldar Fet har no teikna ferdig ei skisse. No skal vi i gang med vidare planlegging av prosjektet vårt, og det vil bli sett ned eit eige styre. Gleda var difor veldig, veldig stor då vi fekk ein sjekk på kr.100 000 frå arbeidarane på Ekornes ? Tusen takk for gåva, og for at dokke har trua på det vi driv på med her framme. Det gjer oss veldig glade og stolte?