Ingen Brøvøllsfestival 2020💔

Vi venta til det lengste, men må dessverre innsjå at det ikkje blir noko av Brøvøllsfestivalen 2020. Det synest vi er både synd og leitt, men no er det viktigaste å følge råda frå myndigheitene slik at vi snarast som råd kan leve som normalt, og samlast igjen ❤️

Vi er veldig fornøgde med årets line-up, og kjem til å jobbe for å få dei same gjestane neste år! Dei som allereie har kjøpt billett kan enten få denne refundert ved å sende ein mail til anneline@brovollsfestivalen.com, eller så blir denne videreført til neste år.

Vi gler oss allereie til Brøvøllsfestivalen 2021, 25.-26. juni, og håpar alle held seg friske og raske ❤️

– Klem frå styret