Målprisen 2022

På søndag var Una og Anette på Vaarvon for å ta i mot Sykkylven Mållag sin Målpris for 2022 på vegne av festivalen. Stemninga på Vaarvon var god, og Randi Ulvestad og Berit Bjørlo hadde berre fine ord å seie. Vi fekk prisen for «kreativ bruk av dialekt og god bruk av nynorsk på festivalen og på heimesida».

Dette er ein pris vi set høgt. Dialekt og nynorsk er ein del av festivalen sin identitet, og vi i styret set stor pris på at dette vert oppfatta positivt av andre. Styret og dei frivillige tek seg god tid når mellom anna årets snakkebobler skal veljast ut og skilta skal lagast. Vi håpar det kan vere med på å få dei som kjem heim til Sykkylven for å oppleve Brøvøllsfestivalen år etter år til å kjenne seg litt ekstra heime på festivalområdet vårt «framma Brauta, nea hesja, ovai elva, atta grendahusnøva».

Tusen takk!