Er du vår nye økonomiansvarlege?

Vi er på leit etter ny ØKONOMIANSVARLEG!
Har du interesse for økonomi, og kunne tenke deg å vere med på utviklinga av Brøvøllsfestivalen? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Økonomiansvarleg har det økonomiske hovudansvaret for festivalen, samt å sørge for fornuftig ressursbruk. Økonomiansvarleg har også ansvar for arbeidsfordeling og styring av økonomigruppa.
Arbeidsoppgavene til økonomigruppa vil i korte trekk vere:
– Budsjettarbeid
– Rekneskap
– Økonomisk utvikling
– Rapportering til styre
– Billetter og billettsystem
Du vil såklart få opplæring og god oppfølging!
Det er ingen krav til tidligere erfaring eller studie, men ei generell interesse for tall og økonomi er ein fordel. Ei slik erfaring er gull verdt å ha på ein CV, og vil gi godt innblikk og forståelse for økonomistyring i praksis. Send oss gjerne ein DM om du er nysgjerrig på rolla og vil høyre meir 😊