FREDAG: Terje Sporsem
Terje Sporsem er ein mann vi har sakna på scena på Brøvøllsfestivalen, og i år kjem han jaggu tilbake!
Terje har vore programleiar på så mangt, på P4, for Judas på TVNorge, og mange fleir. I tillegg har han også vore deltaker i Skal vi danse. Og når han ikkje svingar seg på dansegolvet der er han fast inventar rundt om på landets mange stand up-scener.
Terje er godt kjent på Sunnmøre som i landet elles, men vi må seie vi gler oss til å få han på «heimebane» under Brøvøllsfestivalen i år. I alle fall over fjorden for heimebana da. Han står på scena i Velledalen, fredag 23.juni.