Side Brok + Sirkel Sag 🔥
Årets første artistslepp e klart! Side Brok og Sirkel Sag e klare for å innta scena på Brøvøllsfestivalen fredag 26. juni ⚡ Etter to års pustepause, kom hip-hop-heltane frå Hovdebygda tilbake i 2018, og he sia spelt på festivala og utselde konserta.
Side Brok he i 15 år sørga for god musikk og god stil. Sia dei ga ut den Spellemann-nominerte debutplata »Høge brelle» i 2004 he dei gitt ut tre album, en drøss med låta, og ni mixtapes i Pina D-serien.
Sirkel Sag va lenge fast gjest på Side Brok sine plate og konserta, og i desember 2016 slapp han endeleg sin eigen EP; »Ørsta rådhus». Når han ikkje e i fjøsen, jobba han me nye låta 🐑🐖🐄
Side Brok og Sirkel Sag lova fest, dritprat og mykje kjærleik – og absolutt alle e inviterte!!
Vi gler oss 😎