Vi treng fleire folk!

Har du lyst å vere med å lage Brøvøllsfestival?🌻
Vi ser etter både artistansvarleg og nokon som kan vere med i den tilhøyrande arbeidsgruppa!🎪 Planlegginga til neste års festival er allereie i gang, så her er det berre å hive seg med!
Viss du kunne tenke deg å bli med oss så er dette nokon av oppgåvene til artistansvarleg/arbeidsgruppa:
– Booke artistar + lyd og lys
– Ha kontakt med booking gjennom året
– Organisere overnatting, transport og mat
– Lage til backstage
– Varte opp alle artistane og passe på at dei har det dei treng
Sjølv om alle i styret har sine ansvarsområde er vi alle med på å kome med innspel og idear. Gjennom året har vi faste arbeidsmøter om lag 1 gong i månaden, samt årsmøter.
Som artistansvarleg er det du som har hovudansvaret for programmet, og som set arbeidsgruppa i arbeid. Arbeidsgruppa er fin viss du kanskje ikkje vil ha alt ansvaret med ein gong😊
Er dette noko du kunne tenke deg, eller har du spørsmål? Send oss anten spørsmåla dine eller ein uformell søknad til robin@brovollsfestivalen.com
Frist for å melde interesse er 1.oktober🌺
Oss håpe å høyre frå akkurat deg!
Foto: Swendsen Studio & MioMedia