Brøvøllsfestivalen 2023🌴

Steik so kjekt øss ha det🥰

Fredagen opna Bjørg showet i kjend aerobic-stil, og deretter var det klart for litt country-rap på scena! Hagle skapte god stemning i teltet, og det same gjorde Waterproof som gjekk på scena etter dei! Og når vêret letta før grindene opna i tillegg, då var kvelden komplett☀️

Aktivitetsdagen gjekk over all forventing, og når parkeringsvakta kom ut av tellinga på 466 bilar må vi vel sei oss nøgde! Teltet var fyllt av store og små, og vi trur nok at både konserten med Hagle og møtet med Bjørnis stod til forventingane. Det håper vi både gravemaskinene, slangane, hårflettinga og alt det andre også gjorde!
Tusen takk til Sparebanken Møre som gjorde konserten med Hagle på dagtid mulig, og takk til Felleskjøpet som sponsa med 200 capsar til konserten🚜🌴

Laurdag kveld var det 1200 stk på området, og det var Terje Sporsem, Nils-Ingar Aadne, Sandra Spjelkavik og Magan Gallery som leverte eit solid standupshow med høg kvalitet! Coverbandet Northern Lights gjekk på scena etterpå, og laga magisk stemning og allsong i teltet!

Vi i styret ønskar å takke so mykje til alle som har gjort denne festivalhelga heilt super! Takk til alle besøkande, sponsora og frivillige! Tenk alt ein kan få til ilag🩷💚🩵

Vi gler oss til neste år!

Foto: @swendsen & @miomediaa