
Viggo Venn🦺
Han har erobra Storbritannia, og no er Viggo Venn, takka vere Sparebanken Møre, klar for å erobre aktivitetsdagen på Brøvøllsfestivalen 



Viggo Venn er den fargerike og grensesprengande klovnen som vann hjarta til millionar av sjåarar verda over då han gjekk av med sigeren i Britain’s Got Talent
Sidan har nordmannen blitt ein av Storbritannia sine mest lovprisa komikarar!


Sidan han vann BGT har han stått på mange internasjonale scener, og no gler han seg til å ta alle på aktivitetsdagen ut på ein latterfull reise som dokke kjem til å huske for alltid

Ikkje gå glipp av sjansen til å sjå Viggo Venn live! Det blir ei førestilling for heile familien, fylt med latter og augneblink som er både absurde og uforgløymelege

Gjer deg klar for show, og ta på refleksvesten One More Time!

