André Ulveseter🌻

Neste komiker har drive med standup sidan 1997! André Ulveseter har samarbeida med Anne-Kat og Åsleik Engmark, for å nemne nokre, og han har i tillegg sett opp tre soloshow som han har hatt stor suksess med🤩 Det eine hadde opphav i Facebook-sida «Bilder i kampen mot særskrivingsfeil»🍍☎️, og no er han høgaktuell med «Melankomiker»❤️ Viss du ikkje fekk oppleve kor dyktig André er då han var på Stranda og i Velledalen for litt sidan, så er det berre å ta turen til dalen igjen 29.juni!
Det er klart at når du veks opp i Bergen og bor i Ålesund så blir du både energisk, smart og observant✨️ Ei god oppskrift på ein standupkomiker der, altså!
Neei, her e de berre å komme sej på festival🌺