Viggo VennđŸŠș

Han har erobra Storbritannia, og no er Viggo Venn, takka vere Sparebanken MĂžre, klar for Ă„ erobre aktivitetsdagen pĂ„ BrĂžvĂžllsfestivalen đŸ’„đŸ‡ŹđŸ‡§
Viggo Venn er den fargerike og grensesprengande klovnen som vann hjarta til millionar av sjĂ„arar verda over dĂ„ han gjekk av med sigeren i Britain’s Got TalentđŸ€ĄđŸ„‡Sidan har nordmannen blitt ein av Storbritannia sine mest lovprisa komikarar!
Sidan han vann BGT har han stĂ„tt pĂ„ mange internasjonale scener, og no gler han seg til Ă„ ta alle pĂ„ aktivitetsdagen ut pĂ„ ein latterfull reise som dokke kjem til Ă„ huske for alltid🎉
Ikkje gĂ„ glipp av sjansen til Ă„ sjĂ„ Viggo Venn live! Det blir ei fĂžrestilling for heile familien, fylt med latter og augneblink som er bĂ„de absurde og uforglĂžymelegeđŸŒș
Gjer deg klar for show, og ta pĂ„ refleksvesten One More Time!đŸŠș