Viggo Venn🦺

Han har erobra Storbritannia, og no er Viggo Venn, takka vere Sparebanken Møre, klar for å erobre aktivitetsdagen på Brøvøllsfestivalen 💥🇬🇧
Viggo Venn er den fargerike og grensesprengande klovnen som vann hjarta til millionar av sjåarar verda over då han gjekk av med sigeren i Britain’s Got Talent🤡🥇Sidan har nordmannen blitt ein av Storbritannia sine mest lovprisa komikarar!
Sidan han vann BGT har han stått på mange internasjonale scener, og no gler han seg til å ta alle på aktivitetsdagen ut på ein latterfull reise som dokke kjem til å huske for alltid🎉
Ikkje gå glipp av sjansen til å sjå Viggo Venn live! Det blir ei førestilling for heile familien, fylt med latter og augneblink som er både absurde og uforgløymelege🌺
Gjer deg klar for show, og ta på refleksvesten One More Time!🦺